Regional registerkoordinator for Norsk intensivregister i Helse Sør-Øst og fire regionale registerkoordinatorar for Norsk pandemiregister
Helse Bergen HF
Bergen
2 dager siden

Norsk intensiv- og pandemiregister (NIPaR) er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister. Registeret samlar data om intensivopphald i Noreg og om pasientar med covid-19 som er behandla i spesialisthelsetenesta.

Registeret er i utviding, og det er behov for fleire tilsette. I samband med dette søkjer ein :

1 Regional registerkoordinator for Norsk intensivregister i Helse Sør-Øst (ei stillling i 20%)

4 Regionale registerkoordinatorar for Norsk pandemiregister (fire stillingar i 20-40%)

NIPaR har for tida fem tilsette - ein nasjonal sekretær, to overlegar og to nasjonale registerkoordinatorar. Registeret er lokalisert i Helse Bergen HF, som ein del av Kirurgisk Serviceklinikk.

Dei utlyste stillingane er førebels prosjektstillingar med oppstart snarast og varigheit til 31.12.2020. Eventuell forlenging er mellom anna avhengig av finansiering.

Den som blir tilsett rapporterer til leiar av NIPaR, men vil i praksis arbeide tettast med dei nasjonale registerkoordinatorane.

For ytterlegare informasjon kan ein oppsøkje nettsidene til Norsk intensivregister og Norsk pandemiregister.

Leiar Eirik Alnes Buanes kan treffast på telefon via sentralbordet i Helse Bergen HF, tlf 55 97 50 00.

Arbeidsoppgåver

Stillingane er knytt til ulike delar av Norsk intensiv- og pandemiregister, den delen som gjeld intensivpasientar og den delen som gjeld pandemipasientar.

Stillingane vil etablerast gjennom frikjøp frå stilling i spesialisthelsetenesta i ein av dei fire regionale helseføretaka.

Den / dei som blir tilsett vil arbeide med :

  • At datasettet i regionen held høg kvalitet
  • Å halde kontakt med medlemseiningane i regionen, og følgje opp førespurnader frå dei
  • Kontrollbesøk hjå medlemseiningane (noko reising må påreknast)
  • Planlegging og gjennomføring av kurs, møter og konferansar (noko reising må påreknast)
  • Kvalifikasjonar

  • Den tilsette må vere spesialsjukepleiar innan relevant fagområde, eller ha annatilsvarande erfaring
  • Erfaring frå registerarbeid, forsking og fagarbeid er einfordel
  • Gode dataferdigheiter er viktig
  • Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Vi tilbyr

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema