Helgestillingar
KVAM KOMMUNE PLEIE- OG OMSORG FELLES ADMINISTRASJON
ÅLVIK, NORGE
2 dager siden
source : NAVVIS

Presentasjon av stillingen :

Pleie og omsorgstenesta i Kvam er i endring. Utviklingsprosjektet "Eit godt liv der me bur" har som mål å skapa omsorgstenester for framtida.

Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Pleie og omsorgstenesta gjennomfører ei større omorganisering og tenesta vert frå 30.

03.20 organisert i 3 avdelingar : Tenester til menneske med utviklingshemming, heildøgnstenester og tenester til heimebuande.

Heimetenesta i Ålvik vert frå 30.03.20 organisert under Tenester til heimebuande. Me yter tenester til menneske i omsorgsbustadar og heimebuande.

Me ønskjer oss engasjerte medarbeidarar som har fokus på pasientens beste og bidrar til eit godt og triveleg arbeidsmiljø.

Me tilbyr 2 helgestillingar frå snarast. Begge i fast 14 % stilling og med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver

Gje omsorg og pleie til menneske i omsorgsbustad og heimebuande

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn eller erfaring frå pleie og omsorg, men andre kan også søkja
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

    Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

    Personlege eigenskapar

    Serviceinnstilt og engasjert

    Fleksibel og løysingsorientert

    Raus og inkluderande

    Møter andre på ein respektfull og open måte

    Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- / og forsikringsordningar
  • Generell informasjon

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

    Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk.

    Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

    Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

    Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema