Behandlar i LAR
Helse Bergen HF
Bergen
6 dager siden

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ansvaret for behandlinga av Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) pasientane i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Pasientane i LAR har i tillegg til avhengigheit til rusmidlar oftast somatisk sjukdom og sjukdom innan psykisk helse. Trongen for behandling er stor og dei treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.

Vi er derfor organiserte med poliklinikkar i kvar bydel der vi arbeider tverrfagleg og i nært samarbeid med kommunale tenester.

Vi søkjer no etter engasjert medarbeidarar til poliklinikken i LAR Bergenhus

Vi har ledig følgjande stillingar :

60% vikariat for sjukepleiar / vernepleiar med arbeid pt. kvar 3.dje laurdag og i høgtider ved LAR Bergenhus. Vikariatet er ut året.

Tiltredelse etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver

Som behandlar i LAR har ein ansvar for oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar i LAR. Dei fleste pasientane kjem til poliklinikken fleire dagar kvar veke for poliklinisk oppfølging og overvaka inntak av sitt LAR-legemiddel, men ein må og pårekne å følgje opp pasientar ambulant, og med samarbeid opp mot Securitas.

Ein vil arbeide i tverrfagleg team med både psykolog og lege, der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling til pasientane.

Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der og fastlege og sosialteneste er sentrale aktørar, er ein viktig del av arbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer sjukepleiar / vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Erfaring fra LAR-poliklinikk og relevant vidareutdanning vil telje positivt
  • Erfaring frå arbeid innan rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale sosiale tenester eller andre kommunale behandlingstiltak for rusmiddelavhengige er eit krav
  • Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein medarbeidar med engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
  • Det vil bli lagt vekt på evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid, gode kommunikasjonsferdigheiter, samt evne og vilje til å inngå i langvarige og krevjande behandlingsrelasjonar til pasientar
  • Vi tilbyr

  • LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan difor love ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
  • I LAR-poliklinikkane blir det lagt stor vekt på utvikling av medarbeidarars faglege kompetanse og evne til samhandling
  • Ein arbeider i team og vil få regelmessig rettleiing og undervising
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema