Ergoterapeut
Helse Bergen HF
Bergen
6 dager siden

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus.

Vi legg vekt på ei teneste med god fagleg kvalitet, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Vi har ledig 100% fast stilling for ergoterapeut frå 01.10.2020 tilknytta Nevroklinkken. Her jobbar ein tverrfagleg med pasientar med nyoppstått hjerneslag og andre nevrologiske sjukdomar som ALS, Parkinson og hjernetumor.

Ergoteraputen kartlegg ADL-funksjon og utfører screening av kognitiv funksjon for å vurdere pasienten sitt behov for vidare rehabilitering og oppfølging.

Arbeidsoppgåver

  • Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
  • Vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og handfunksjon
  • Deltaking i poliklinikk, særleg ALS-klinikken
  • Tett tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med pårørande og kommunehelsetenesta
  • Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • God kunnskap og interesse for nevrologi og rehabilitering
  • Erfaring frå fagområdet og tverrfagleg rehabilitering
  • Kurssertifisering og / eller vidareutdanning innan etterspurt fagområde vert vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du har interesse for fagutvikling og vil bidra til å vidareutvikle avdelinga sitt tilbud til pasientgruppa
  • Du er positiv og fleksibel
  • Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
  • Du er personleg skikka til stillinga
  • Vi tilbyr

  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema