Stipendiat
Helse Bergen HF
Bergen, NO
3 dager siden

Helse Bergen og Helse Stavanger utlyser ein stipendiatstilling knytta opp til Bergen Addiction Research (BAR) ved Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus og KORFOR i Stavanger, i tett samarbeid med lungemedisinske miljø i både Bergen og Stavanger.

Stillinga vert lokalisert i Stavanger. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år som 100% eller på 6 år som 50% stilling i tilknyting til for eksempel klinisk relatert stilling.

Stipendiatstillinga vil bli knytta opp til prosjektet ATLAS4LAR finansiert av Helse Vest. Formålet med forskingsprosjektet er å redusere den somatiske sjukdomsbyrden av mellom anna lungesjukdom hos dei som får legemiddelassistert rehabilitering.

Om stipendiatstillinga :

  • Samla stipendperiode er 3 år som 100% eller 6 år med 50%
  • Stilling knytt til forsking på rus og lungemedisin
  • Om prosjektet :

    Hovudmålsetjing med ATLAS4LAR er å optimalisere behandling av både somatiske og psykiske helseaspekt hos rusavhengige. Vi vil også ha eit særleg fokus på lungesjukdomar og vil berekne førekomst av kronisk obstruktiv lungesjukdom og lungefibrose mellom folk med rusavhengnad med oppfølging på LAR i Bergen og Stavanger.

    Vi vil òg se på risikofaktorar for lungesjukdom inkludert effekt av tobakk og cannabis. Vi planlegg å teste ut ein multimodal intervensjon retta mot lungesjukdom og risikofaktorar for lungesjukdom mellom personar med oppfølging på LAR poliklinikkar i Bergen og Stavanger.

    Tiltak vi ønskjer å teste ut vil rette seg særleg mot følgjande aspekt :

  • Røykeslutt / røykereduksjon / skadereduksjon ved tobakksrøyking
  • Betring av fysisk funksjon med bruk av aktivitet / treningsrettleiing
  • Rådgjeving og optimalisering av bruk av inhalasjonsmedikament
  • Vi ønskjer å planleggje tiltak retta mot tobakk som ein trappetrinnsmodell der målet er å motivere for å setje eit realistisk mål for korleis ein kan betre lungefunksjon ved anten :

  • Substitusjonsbehandling med nikotin (med nikotinplaster / -tyggegummi, e-sigaretter etc) og / eller
  • Røykereduksjon og røykeslutt når oppnåeleg gjennom motiverande samtalar kombinert med medikamentell støtte (t.d. vareniklin eller buprupion)
  • Deretter ønskjer vi å oppskalere og evaluere den multimodale behandlinga gjennom ein intervensjonsstudie med eit faktorielt design. Les meir om og

    Les meir om

    Søknaden skal innehalde :

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV og kontaktopplysingar til to referansepersonar
  • Eventuell liste over vitskapeleg arbeid (publikasjonsliste)
  • Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytta til søknaden i Webcruiter når søknadsfristen går ut.

    Vedlegga må vere på engelsk eller norsk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs

    viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap blir lasta opp som vedlegg til søknaden.

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til :

    Lars Thore Fadnes, leiar av Bergen Addiction Research, Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetsjukehus og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, e-post : eller Torgeir Gilje Lid, forskingsleiar ved KORFOR, Helse Stavanger og forskar II ved Uni Research Helse, e-post :

    Arbeidsoppgåver

    Forskinga vil ha ei brei helsefagleg vinkling med både medisinske og psykologiske fasettar. Som stipendiat skal du delta i eit godkjend utdanningsprogram for ein PhD-grad ved Universitetet i Bergen.

    Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert i henhald til krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det medisinske fakultet.

    Det må søkjast om og innvilges opptak til forskarutdanninga etter tilsetjing.

    Kvalifikasjonar

  • Har profesjonsutdanning som lege eller psykolog eller mastergrad i anna relevant helseretta utdanning
  • God kjennskap til engelsk og norsk, skriftleg og munnleg
  • God analytisk forståing
  • Erfaring med arbeid med folk med rusrelaterte problemstillingar
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt
  • Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema