Psykologspesialist
Helse Bergen HF
Bergen, NO
2 dager siden

Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spennande poliklinikk saman med andre spesialistar?

Poliklinikken har eit godt, veletablert og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi har no ledig ei fast 100% stilling, og søkjer etter ein psykologspesialist som vil vere med på å ivareta og vidareutvikle tilbodet til pasientgruppa.

tilbyr spesialisthelsetenester til personar over 18 år som har ei psykoseliding. Som ein av dei første i landet har vi organisert poliklinikken i to team som arbeider etter .

FACT står for Flexible Assertive Community Treatment , og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkjande behandlingsteam.

Vi har både poliklinisk og oppsøkande behandling av pasientar. I kritiske fasar kan eit FACT-team tilby tettare oppfølging for å kunne førebygge kriser, hindre at pasienten må innleggast og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon.

Poliklinikken er for tida bemanna med tre overlegar, tre psykologspesialistar, psykolog, sjuke- og vernepleiarar, sosionom, ergoterapeut og erfaringskonsulentar.

Etter tilsetjing i utlyst stilling vil det vere fire psykologspesialistar i 100% stilling i seksjonen. Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
  • Ansvar for utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar som er tilvist klinikken
  • Arbeid i tverrfagleg team etter
  • Rettleiing til og samarbeid med det lokale hjelpeapparat, undervising og nettverksarbeid
  • Samhandling med kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk psykologi
  • Brei klinisk erfaring frå psykiatri / rus og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og / eller det kommunale tenesteapparatet
  • Søkjar bør ha førarkort kl. B
  • Norsk autorisasjon
  • Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoselidingar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar stressande situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
  • Du har gode evner til kontaktetablering, har tolmod og evne til å jobbe langsiktig
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, har omsorg for deg sjølv og for andre
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
  • Vi tilbyr

  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og verktøy til å meistre dei
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema