Psykiatrisk sjukepleiar/ vernepleiar
Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
9 dager siden

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk og ambulant, utretta behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
  • Behandleransvar og kartleggingsoppgåver
  • Pasientoppfølging og miljøterapi etter FACT-modellen
  • Utstrakt grad av oppsøkjande verksemd og arbeid i tverrfagleg team
  • Samhandling med kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld må påreknast
  • Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskule (sjukepleiar / vernepleiar)
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og / eller rus
  • Ønskjeleg med kunnskap og kompetanse innan kognitiv terapi og recovery-orientert behandling
  • Brei klinisk erfaring frå psykiatri / rus og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og / eller det kommunale tenesteapparatet særleg oppsøkjande arbeid
  • Ønskjeleg med erfaring frå somatikk
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og førarkort kl. B.
  • Utdanningsnivå

  • Høgskule / universitet, diplom- / bachelorgrad
  • Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoselidingar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, ansvarsfull og taklar stressande situasjonar med tryggleik og fagleg haldning
  • Du har særs gode evner til kontaktetablering og er nettverkskyndig
  • Du har tolmod, evne til å jobbe langsiktig og har god arbeidskapasitet
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
  • Vi tilbyr

  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform