Ledig fast 100% stilling for vernepleiar
Helse Bergen HF
Bergen
14 timer siden

Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar.

Innlegging er basert på frivilligheit. Posten er stengd alle helgar, jul, påske og i sommarferieavviklinga. Dei tilsette på Ungdomsposten arbeider i snitt kvar 4.

helg på Akuttposten og når posten elles er stengd.

Oppgåvene til Ungdomsposten er knytta til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding / utprøving av tiltak og behandling.

Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag.

På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykolog / psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).

Vi søkjer ein erfarne, engasjert og fagleg dyktig medarbeidar. Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar.

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging / miljøkontakt i post - observere, kartleggje og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksetje miljøterapeutiske tiltak
  • Kvar pasient har eit team knytt til seg beståande av 2 miljøkontaktar og ein behandlar som samarbeider tett om inntak, utgreiing og behandling av pasienten
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
  • Å ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet
  • Inntak av nye pasientar
  • Praktiske oppgåver
  • Ansvarsvakt
  • Administrering av legemiddel
  • Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring innan psykisk helsearbeid
  • Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)
  • Ønskjeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
  • Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Personlege eigenskapar

    Vi ønskjer medarbeidarar som :

  • har respekt for den enkelte pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har god arbeidskapasitet
  • evner å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og / eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast i eit aktivt og travelt miljø og har høg arbeidsmoral
  • Vi tilbyr

  • Arbeid i snitt kvar 4. helg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Internundervising
  • Rettleiing kvar 4 veke for fast tilsette
  • Terma trening (terapeutisk meistring av aggresjon) kvar 4 veke for fast tilsette
  • Introduksjonskurs / brannkurs m.m via læringsportalen
  • Fadderordning for nye medarbeidarar
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdom.
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema