Overlege ortopedi Voss sjukehus
Helse Bergen HF
Voss
1 dag siden

Overlege ortopedi Voss Sjukehus

Ved kirurgisk avdeling er det 5 overlegestillingar i ortopedisk kirurgi. Ein avstillingane er no ledig. I tillegg er det 4 overlegar i generell kirurgi, 4LIS3 i ortopedi og 4 LIS2 i generell kirurgi ved avdelinga.

Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein storaktivitetsvekst og ønskjer å halde fram med den positive utviklinga.

Istrategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrkjing av akuttfunksjonarved Voss sjukehus. I tillegg til generell ortopedisk traumatologi, vert detbehandla elektiv ortopedi som artroskopi i skulder, kne og ankel, fot- oghandkirurgi, protesekirurgi i hofte og kne ved avdelinga.

Voss har om lag 15.000 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særsgode høve til naturopplevingar og -aktivitetar både for born og vaksne, samtfor ekstremsportutøvarar.

Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godtutbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon til Bergen / Flesland og austovertil Oslo.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid medavdelingane ved Haukeland universitetssjukehus

Tilsetjing etter avtale med seksjonsoverlege.

Å bu og jobbe på Voss :

Arbeidsoppgåver

  • Elektiv og akutt ortopedi. Det er ein fordel med erfaring innan protesekirurgi i hofte og kne
  • 5-delt bakvakt som ortoped
  • Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan ortopedisk kirurgi
  • Du oppsøkjer og / eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
  • Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema