Tilkallingsvikar - Pleie og omsorgstenesta
NORD-FRON KOMMUNE AKTIVITETSSENTER SUNDHEIM
VINSTRA, NORGE
1 dag siden
source : NAVVIS

Beskrivelse

Dette er ei fellesannonse der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar innafor pleie- og omsorg i Nord-Fron kommune kan

melde di interesse. Søknadane blir behandla fortløpande, og dersom din søknad er av interesse vil du bli kontakta for

samtale av aktuell avdelingsleiar.

Sundheim er base for pleie og omsorgstenestene i kommunen med 72 institusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar.

Kommunen er godt i gang med planlegging av framtidas omsorgsutfordringar fram mot 2025 noko som vil resultere i

omfattande bygningsmessige og driftsmessige endringar.

Langtidsavdeling er for langtidsopphald og eit tilbod for personar som har behov for døgnkontinuerlig omsorg

og hjelp, og som ikkje er i stand til å ta vare på eiga omsorg.

Skjerma avdeling er spesielt tilrettelagt for pasientar med moderat til alvorleg demenssjukdom.

Korttid / rehab er ei avdeling som tek imot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling / rehabilitering før

heimreise, pasientar frå heimen sin som treng opphald pga. skade, sjukdom, isolasjon eller som skal

utredast / observerast i ei periode, og ein del pasientar kjem til avdelinga på avlastningsopphald.

Heimesjukepleia skal gje heimebuande hjelp ved kort- eller langvarig sjukdom / funksjonshemming og arbeide

førebyggjande for å redusere pleiebehovet.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg at søkjarar har relevant erfaring og interesse for å arbeide innafor området pleie- og omsorg.

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.

Politiattest av nyare dato er kravd for å arbeide ved avdelingane.

Førarkort klasse B for å arbeide ved Heimesjukepleia.

Vilkår

Løn etter kvalifikasjonar og svært gode pensjonsordningar i KLP.

Søknaden sendes

Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.

Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.

Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.

Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut.

Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.

Rapporter denne jobben
checkmark

Thank you for reporting this job!

Your feedback will help us improve the quality of our services.

Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
Fortsette
Utfylningsskjema