Undervisningsstilling i helse- og oppvekstfag
Sogndal vidaregåande skule
Sogndal, Norge
1 dag siden
source : Tønsbergs Blad

Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfag ved vg1 Helse- og oppvekst og vg2 Helsefagarbeidar.

Kvalifikasjonar

  • Yrkesfaglærarutdanning med fagbrev som helsefagarbeidar, eller tilsvarande formell utdanning innan sjukepleie.
  • Godkjent pedagogisk utdanning til å undervise på vidaregåande skule.
  • Undervisningserfaring frå vidaregåande skule.
  • God kjennskap til bruk av digitale læremiddel.
  • Kunne bruke digitale verktøy frå pleie- og omsorgssektoren og ha god IKT-forståing.
  • Erfaring med bruk av velferdsteknologi.
  • Relevant og fersk praksis frå pleie- og omsorgssektoren .
  • Personlege eigenskapar

  • Er trygg og truverdig i rolla som lærar.
  • Evne til å motivere og bygge gode relasjonar.
  • Sjølvstendig samtidig som du kan samarbeid med andre.
  • Målretta og utviklingsorientert.
  • Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Nært samarbeid med kollegaer.
  • Løn etter gjeldande offentleg regulativ.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår.
  • Andre opplysningar :

    Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.

    Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule. Politiattesten må vere av nyare dato.

    Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

    Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

    Stillinga vert utlyst med atterhald om at tilsette i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga.

    Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.

    Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema