Jurist til forvaltning av Noregs frekvensressursar
Nasjonal kommunikasjons-myndighet
Nygård, Lillesand, Norge
2 dager siden

Spektrumsavdelinga planlegg og tildelar radiofrekvensar i Noreg. Frekvensar er ein avgrensa og verdifull naturressurs som skal gje mest mogleg samfunnsnytte.

Vi deltek i internasjonale fora knytt til bruken av frekvensressursar, gjev faglege innspel og greier ut aktuelle problemstillingar knytt til bruk av frekvensar.

Nkom er ei statleg myndigheit og er, saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, ansvarleg for spektrumsforvaltninga i Noreg.

Aukande etterspurnad og merksemd rundt frekvenstildelingar gjev stort behov for juridiske ressursar.

Du vil vere ein del av seksjon for spektrumsplanlegging som er ein av to seksjonar i spektrumsavdelinga. Seksjonen består per i dag av 14 kollegaer med teknisk, økonomisk og juridisk kompetanse.

I avdelinga jobbar det i dag fem juristar og 31 totalt i Nkom.

Arbeidsområde :

  • juridisk kvalitetskontroll og rådgjeving
  • vurdere ekomlova sine ulike kriterium og vilkår knytt til tildelingar
  • utvikle og utarbeide ekomregelverket slik at det er i samsvar med samfunnets behov og med internasjonalt regelverk
  • handsame tilsynssaker
  • juridiske vurderingar opp mot teknologisk utvikling
  • Kvalifikasjonar :

  • mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand. jur)
  • relevante juridiske kunnskapar, erfaring og godt juridisk skjønn
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Det er ønskjeleg med :

  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • kunnskap innanfor konkurranserett og EØS-rett
  • erfaring med ressursforvaltning
  • Personlige eigenskapar :

  • engasjert, initiativrik, open og omgjengeleg
  • analytisk, strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og saman med andre
  • god til å dela innsikt og kompetanse
  • nysgjerrig på teknologisk utvikling
  • Stillinga er lønna som rådgjevar / seniorrådgjevar frå kr. 500 000 til kr. 700 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

    Frå lønna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse.

    Kontakt gjerne seksjonssjef Bent André Støyva, tlf. 908 89 955, , eller fagsjef Sidsel Huse, tlf. 452 67 548, , for ein prat om stillinga.

    Vi ynskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

    Søk jobben innan 24. november 2019.

    Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste.

    Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

    Søk
    Legg til i favoritter
    Fjern fra favoritter
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema