Forskar (50 %, 2 år)
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
17 dager siden

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som forskar (50 %) for ein periode på inntil 2 år.

Stillinga er finansiert av Nordforsk gjennom prosjektet WOW - Working hours, health, well-being and participation into working life.

Creating new working time models and solutions to Nordic countries .

Prosjekt

Prosjektet skal skaffe ny kunnskap om helse relatert til arbeidstidsordningar og skiftarbeid. Forskaren vil vere ansvarleg for eit feltstudie som skal undersøke effekten av lysbehandling blant sjukepleiarar ved norske sjukehus som arbeider tre eller fleire nattskift på rad.

Nattarbeidarane vil bli følgt av både subjektive (søvndagbøker, validerte spørjeskjema) og objektive (aktigrafi, reaksjonstidstestar) målingar av søvn og søvnighet tre dagar før skiftet, under skiftet og tre dagar etter nattskiftet.

Nattarbeidarane blir gitt lysbehandling i ein randomisert dobbeltblinda placebo-kontrollert kryssover studie. Forskaren vil også bidra til-

og skrive forskingsartiklar basert på data innhenta frå det pågåande epidemiologiske studiet SUSSH (Survey on Shift work, Sleep and Health) der omlag 3000 sjukepleiarar deltek.

  • Aktuelle artiklar vil vere det langsiktige forholdet mellom parametre som til dømes quick returns / nattskift og registerbasert sjukefråvær, quick returns / nattskift og registerbaserte data på reproduktiv helse, quick returns / nattskift og utskifting (turnover) i arbeidssstokken, quick returns / nattskift og immunologiske parametre;
  • og om personlegdomsfaktorar som ein antar er knytt til skiftarbeidstoleranse (t.d. døgnrytmepreferanse og fleksibilitet) medierer det potensielle forholdet mellom nattskift og immunologiske parameter, og om immunologiske parameter fører til sjukefråvær osb.

    Forskaren vil vere medlem av Forskargruppe for allmennmedisin ved Det medisinske fakultet.

    Hovudoppgåver

    Arbeidsoppgåver lagt til stillinga er å bidra i arbeidet med planlegging, gjennomføring og analyse av resultat frå feltstudiet og det epidemiologiske studiet.

    Ei anna viktig oppgåve vil vere å søkje forskingsmidlar frå aktuelle eksterne finansieringskjelder.

    Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bjørn Bjorvatn, tlf. : 55 58 60 88 eller e-post : bjorn.bjorvatn uib.no.

    Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • må ha relevant mastergrad
  • må ha vitskapleg erfaring med søvnforsking og randomiserte kontrollerte studiar
  • må ha erfaring med objektive målingar av søvn
  • erfaring med rettleiing, undervising, statistisk analyse, skrive manuskript og fortrinnsvis prosjektsøknader er ein føremon
  • publiserte vitskaplege artiklar innan søvnforsking vil bli vektlagt
  • personlege eigenskapar, slik som evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid, vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må vere motivert og ansvarsmedviten, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere flytande i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
  • Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan søvn og skiftarbeid
  • løn etter lønssteg 47 - 49 (kode 1108 / lønsramme 25.1- 25.3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 416 600 430 100 kr brutto pr.
  • år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Løn er under justering

  • det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida : http : / / www.uib.

    no / poa / 74687 / hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

    Om rekruttering i statlege stillingar

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

    og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

    Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.

    Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

    Søknad

    Du sender CV og søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka søk på jobben .

    Søknaden skal innehalde

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon.
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege / faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

    Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

    Nærare om tilsettingsprosessen her.

    Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform