Lege i spesialisering i infeksjonssjukdomar
Helse Bergen HF
Bergen
5 dager siden

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 6 mnd (med mogleheit for forlenging) for lege i spesialisering, LIS 3, iInfeksjonssjukdommar.

I vikariatet tilbyr vi spesialistutdanning som dekkjer den kliniske delen av utdanningsløpet i infeksjonssjukdommar.

Infeksjonsseksjonen diagnostiserar og behandlar pasientar med ulike infeksjonsjukdommar. Seksjonen har to sengepostar med til saman 24senger, inkludert ei overvakingseining.

Seksjonen driv også ein ortopediskinfekjonspost med 14 sengar i samarbeid med Ortopedisk avdeling. Ipoliklinikken utgjer oppfølging og behandling av kroniske virussjukdommar somHIV og viral hepatitt ein vesentlig del.

Seksjonen har dessutan ei omfattandetilsyns- og rådgjevingsverksemd. Nasjonal Kompetansetjeneste for tropiskeinfeksjonssykdommer er faglig og organisatorisk underlagt infeksjonsseksjonen.

Samanmed Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, har seksjonen ei storforskingsverksemd, særskilt innanfor alvorlege bakterielle infeksjonar,antimikrobiell resistens og tropesjukdommar.

Infeksjonssseksjonen har i alt 10overlegar med hovudstilling på sjukhuset og ein overlege / professor ibistilling, samt 8 stillingar for legar i spesialisering.

Medisinsk avdeling har i tillegg til infeksjonssjukdommar einingar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, nyresjukdommar og endokrinologi, tilsaman 68 senger.

Avdelinga driv i tillegg stor poliklinikk samt ei eining forendoskopisk undersøking. Behandling av pasientar ber preg av øyeblikkeleg hjelpmed stort press på sengene medan elektiv verksemd i hovudsak går føre seg pådageining, poliklinikk og på eining for endoskopisk undersøking.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i avdelinga sine ulike aktivitetar
  • Deltaking i avdelingas forvaktsordning
  • Deltaking i Medisinsk avdeling og Infeksjonsseksjonen si undervising for legar i utdanningsstillingar og for andre faggrupper
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking
  • Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og godkjend teneste som etter gjeldande regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 3-stilling i infeksjonssjukdomar
  • Søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Infeksjonsmedisinsk og indremedisinsk erfaring vil bli vektlagt
  • Noko forskingserfaring er eit ønskje
  • Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter lege med interesse for indremedisin og infeksjonssjukdomar
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til arbeid med pasientar, ikkje minst dei som treng øyeblikkelig hjelp
  • Vedkommande bør vere godt motivert, fleksibel, ha gode samarbeidsevner, inkludert evne til å arbeide i tverrfaglege team
  • Vi tilbyr

  • Stimulerande arbeidsmiljø i ei aktiv seksjon i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervising og forsking
  • Gode tilhøve for deltaking i forsking
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema