Psykologspesialist/psykolog
Helse Førde HF
Førde, Norge
1 dag siden
source : Firda

Om stillingen

Psykiatrisk klinikk har ledig stilling for psykolog / psykologspesialist i 100% stilling for tida ved DPS dag. (Poliklinikk)

DPS dag skal starte opp med e-meistring i 2021, og 50% av denne stillinga er tiltenkt denne oppgåva. Arbeidsoppgåver og stad kan endre seg.

E-meistring er eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern. Det er nettbasert behandling til pasientar med sosialangst, panikkangst og depresjon.

Behandlinga er basert på kognitiv adferdsterapi.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord / Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining.

Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde, Florø og Tronvik.

DPS dag er ein poliklinikk med tilsette med ulik yrkesbakgrunn; psykologspesialist, psykolog, psykiater, lege, psykiatrisk sjukepleiar, jobbspesialistar, vernepleiar og sosionom.

Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling.

Vi har totalt 14 psykologspesialistar og psykologar tilsett ved avdelinga Psykiatrisk klinikk. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø.

Våren 2021 flyttar Psykisk helsevern i Førde inn i nybygg ved sentralsjukehuset.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane.
  • Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta, pårørande.
  • Den som blir tilsett vil vera med og utvikla tenestetilbodet.

    Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist / psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykolog
  • Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og
  • ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg

  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B.
  • Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Veiledning og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar
  • som er under utdanning til å bli psykologspesialist

  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Søk på stillingen ved å klikke på Søk på stilling knappen på høyre side.

    Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema