Personalkonsulent (seniorkonsulent)
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
12 dager siden

Ved fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig inntil to faste stillingar som seniorkonsulent (personalkonsulent).

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er eitt av 7 fakultet ved Universitetet i Bergen med om lag 1000 tilsette og 2500 studentar.

Fakultetet har 7 institutt som er grunneiningane for forsking, undervisning og formidling. For nærare informasjon, viser vi til vår nettside : http : / / www.uib.no / mnfa / .

Som personalkonsulent inngår du i ein fakultetsadministrasjon på 55 medarbeidarar fordelt på 3 seksjonar. Stillingane er knytt til personalseksjonen med 11 medarbeidarar, som rapporterer til seksjonssjef HR-MN.

Arbeidsoppgåver

Som personalkonsulent vil du få varierte arbeidsoppgåver innan personalfeltet. Døme på oppgåver er :

  • Ulike sakshandshandsamingsoppgåver knytt til rekrutteringsprosessar ved fakultetet og institutta
  • Rådgjeving og rettleiing i personalsaker ved fakultetet og institutt
  • Vedlikehald og utvikling av personaladministrative rutinar
  • Andre personaladministrative oppgåver
  • Rapportering
  • Som tilsett i administrasjonen må du ved behov, ta del i generelle administrative oppgåver innanfor seksjonen sitt arbeids- og ansvarsområde
  • Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.

    Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha utdanning på masternivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • Dokumentert erfaring i sakshandsaming, helst innan personaladministrasjon
  • Gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
  • Relevant administrativ IT-kompetanse
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og helst universitets- og høgskulesektoren
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformar, nynorsk og bokmål, samt engelsk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Raus og inkluderande
  • Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil bli vektlagt

    Vi kan tilby

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø, i tillegg til eit godt arbeidsmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52-60, for tida kr. 451 300 517 000 i det statlege lønsregulativet. Lønsnivå er under justering.
  • For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdstilbod
  • Nærare opplysningar : seksjonssjef Gunnar Larsen, tlf. 55 58 81 51 gunnar.larsen uib.no

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

    og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga..

    Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform