Stipendiat ved Sosiologisk institutt
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
41 dager siden

Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i sosiologi.

Om arbeidsoppgåver :

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Sosiologisk institutt. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Sosiologisk institutt høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort

samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eit årsstudium, eit bachelor-

og masterprogram og dessutan eit PhD program. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil, mellom anna forsking om velferd, ungdom, familie, livsløp, mobilitet, ulikskap, migrasjon, arbeid og utdanning.

Søkjarane vert bedne om å orientere seg om forskingsprofilen ved instituttet i utforminga av prosjektet : http : / / www.

uib.no / sosio / 38157 / forskningsprofil

Kvalifikasjonar og eigenskapar :

  • Mastergrad i sosiologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Du må vere sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.
  • Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

    Om stipendiatstillinga :

    Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

    Om forskarutdanninga :

    Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. For opptak til forskarutdanninga ved fakultetet må du ha fullført 5-

    årig mastergrad eller tilsvarande utdanning innan det fagområdet du vil bli knytt til.

    Vi kan tilby :

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900 brutto.
  • Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Løna er for tida under justering.

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar
  • Prosjektet :

    Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode.

    Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

    Søknaden skal innehalde :

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd.
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida Søk på jobben .

    Søknaden må merkas : 18 / 6345

    Søknadsfrist : 19. august 2018

    Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

    Generell informasjon

    Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Liv Johanne

    Syltevik, epost : liv.syltevik uib.no , tlf + 47 5558 9169.

    Praktiske spørsmål omkring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Even Michal

    Endresen, epost : even.endresen uib.no .

    Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om

    forskarutdanninga kan ein finna på http : / / link.uib.no / ?TnwW . Eventuelle spørsmål om

    forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen,

    e-mail : hanne.gravermoen uib.no

    Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

    og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform