KFUK-KFUM Sogn og Fjordane søker programarbeidar
KFUK-KFUM
Grubbegata, Oslo, Norge
6 dager siden

Er du ein som er flink til å tenke nytt, brenn du for å skape opne og trygge møteplassar for unge menneske? Ønskjer du ein verdibasert jobb der du kan bruke deg sjølv og dine eigenskapar?

Er du klar for å bli ein del av vårt nye team i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane?

KFUK-KFUM har ei stolt 140 års historie der vi alltid har kjempa for unge menneske sin rett til å leve og utvikle seg som heile menneske.

Med våre 25.000 deltakarar og 400 grupper og verksemder over heile landet, er vi leiande på opne og trygge fellesskap. I KFUK-KFUM kan unge menneske vere seg sjølve og stå opp for andre.

KFUK-KFUM er ein del av ei global kvinne- og ungdomsrørsle, nært knytt til YWCA og YMCA.

Føremålet til KFUK-KFUM er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt.

Om KFUK-KFUM Sogn og Fjordane

KFUK-KFUM Sogn og Fjordane (krinsen) har eit høgt aktivitetsnivå med eit breitt tilbod til dei ulike einingane og mange arrangement i løpet av året.

Krinsen eig Nesholmen leirstad, som er ein sentral samlingsstad.

Krinsen går inn i ei spanande tid, og den som blir tilsett blir ein viktig del av det nye teamet i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane saman med dagleg leiar.

Frå 2020 vil krinsen inngå eit strategisk samarbeid med Bjørgvin bispedømme med mål om å styrkje og utvikle barne- og ungdomsarbeidet i krinsen.

Den tilsatte vil saman med dagleg leiar og andre relevante samarbeidspartnarar vere med å utvikle eit framtidsretta aktivitetstilbod for barn og unge i krinsen.

Den tilsette vil vere med å vidareutvikle det flotte arbeidet som eksisterer i krinsen. Bl.a. leiar- og einingsoppfylgjing, programutvikling og strategisk arbeid med mobilisering av frivillige.

Sentrale oppgåver vil vere

  • Gjennomføre vår strategiplan KFUK-KFUM 2025 i lokal kontekst.
  • Arbeide for vekst og utvikling i barne- og ungdomsarbeidet.
  • Ha ansvar for arrangement, leirar, kurs og leiartrening.
  • Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar med bispedømmet og kykjelydar.
  • Ansvar for å rekruttere, inspirere og rettleie frivillige leiarar og medarbeidarar.
  • Nettverksbygging og formidling.
  • Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, eller relevant dokumentert arbeidserfaring.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge team og relasjonar.
  • Gjennomføringsevne og erfaring med prosjektarbeid.
  • Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid.
  • Søkjar må arbeide i samsvar med KFUK-KFUM sin visjon, ideologi og verdiar.
  • Ha sertifikat klasse B / bil.
  • Søkjar bør kunne skrive nynorsk.
  • Rammer for stillinga

    Utviklingskonsulenten vil inngå i eit nytt og spennande team med dagleg leiar i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane. Det er ønskjeleg med kontorstad på KFUK-KFUM sitt krinskontor i Førde.

    Kontorstad : Hafstadvegen 28 A, 6802 Førde)

    Vi kan tilby

  • Ein jobb der ein kan utvikle fagleg og personleg, med tilgang til alt av erfaringsgrunnlag, konsept, ressursmateriell og støttefunksjonar i KFUK-KFUM.
  • Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med ein del arbeid ettermiddag / kveld / helg, men kan avspasere i samband med rolegare periodar, t.d. i skuleferiar.
  • Lønn etter KFUK-KFUM Norge sitt regulativ, med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Tilsetjing vil skje snarast råd, etter avtale med jobbsøkjar. Politiattest må leggjast fram.

    For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Stein Robert Osdal, tlf. : 41764312, stein.robert.osdal kfuk-kfum.no eller styreleiar Roy Olav Hordvik, tlf.

    990 42 413, roy.olav.hordvik gmail.com.

    Send søknad med CV til KFUK KFUM Sogn og Fjordane på epost : sogn-fjordane kfuk-kfum.no

    Søknadsfrist : 24.05.2020.

    Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema