Leiar logopedtenesta
Helse Bergen HF
Bergen
4 dager siden

Logopedtenesta er organisert under Nevroklinikken. Klinikken består av fleire avdelingar m.a. Nevrokirurgisk avdeling og Nevrologisk avdeling.

Logopedtenesta yter tenester til dei fleste avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Haraldsplass Diakonale sjukehus.

Logopedtenesta deltar i behandlinga av pasientar med afasi og andre kognitive kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar, taleapraksi dysartri og dysfagi.

Andre oppgåver er ansvar for vidare kontakt med heimekommunar, bidra i tverrfagleg teamarbeid og undervising samt samarbeid med Høgskule og Universitetet i Bergen.

Avdelinga består av 9 logopedar inkludert leiar. Logopedane sitt arbeidsfelt inneber m.a. kartlegging og behandling / opplæring av vaksne pasientar med behov for logopedisk hjelp etter sjukdom og / eller skade, og informasjon og rettleiing til pårørande.

Eit felles fagleg forum for alle logopedar i Helse Bergen er oppretta.

Vi søkjer ein leiar som trivast i rolla og som ønskjer å ivareta det gode tilbodet ved avdelinga. Vidare søkjer vi ein leiar som inspirerer og motiverer sine medarbeidarar til å utvikle faget og avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Aktivt bidra til å utvikle det faglege tilbodet ved avdelinga
  • Vidareutvikle og styrkje samhandlinga med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Arbeide aktivt for eit godt arbeidsmiljø
  • Administrasjon, økonomi og personalansvar for avdelinga
  • Aktivt jobbe for å nå føretaket sine strategiar og klinikkens mål
  • Oppmuntre og leggje til rette for forsking, utdanning og utvikling
  • Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning og erfaring frå leiing er ønskjeleg
  • Gjerne med erfaring i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Erfaring med fagutvikling
  • Norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Personlege eigenskapar

    Vi søkjer etter ein leiar som :

  • er strukturert og med god gjennomføringsevne
  • har evne til å motivere og skape tillit hos høgt kvalifiserte medarbeidarar og interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • har evne til å skape samarbeid og kommunikasjon på tvers av yrkesgrupper
  • er tydeleg på forventingar
  • vil vere opptatt av å skape eit god arbeidsmiljø og ta ivare sine tilsette og deira arbeidsvilkår
  • Vi tilbyr

  • Fagleg stimulerande miljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema