Kommunikasjonsrådgjevar
Helse Førde HF
Førde
24 dager siden

Arbeidsoppgåver

  • Helsevesenet er inne i ei tid med store og spennande omstillingar der det mellom anna blir arbeidd med å utvikle tenestene for framtida og gjere spesialisthelsetenesta meir digital.
  • Den som blir tilsett vil få fleksible oppgåver knytt til kommunikasjon om utviklingsarbeidet

  • Du blir vår webredaktør med ansvar for innhald, utvikling og opplæring i intra- og internettsidene
  • Du må produsere og publisere tekst, bilde og video på eigne nettsider og i sosiale media.
  • Du må vere ein aktiv deltakar i prosjekt- og arbeidsgrupper, og evne å gje gode råd til leiarar og medlemer i desse gruppene.
  • Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring frå formidling / kommunikasjonsarbeid og / eller media.
  • Du bør ha gode kunnskapar om IKT-verktøy og digitale formidlingsmåtar.
  • Det vert stilt krav om solide nynorskkunnskapar, og du må kunne fotografere
  • Søkjar må ha førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein open og omgjengeleg person som har lett for å komme i kontakt med folk.
  • Du må vere flink til å arbeide strukturert, ta sjølvstendige initiativ og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og tenkje heilskap.
  • Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Spennande oppgåver med utvikling og endring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet : Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
  • Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform