Postdoktor i matematikk (partielle differensiallikningar)
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
74 dager siden

Ved Matematisk institutt er det frå september 2018 ledig ei stilling som postdoktor i matematikk (partielle differensiallikningar).

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til prosjektet Nonlinear dispersive equations finansiert av Bergens forskningsstiftelse (BFS) og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Målet med prosjektet er å utvide kunnskapen om dynamiske eigenskapar ved løysingar av ikkje-lineære partielle differensiallikningar av dispersiv type som opptrer i matematisk fysikk (til dømes i fluidmekanikk).

Det vil bli fokusert på eigenskapar ved ikkje-lokale dispersive perturbasjonar av hyperbolske likningar eller system, som til dømes velstiltheit, maksimal eksistenstid, blow up-

fenomen, spreiing for små data og stabilitet av løysingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i matematikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute.
  • Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring frå matematisk analyse og partielle differensiallikningar er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

    Om postdoktorstillinga

    Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar.

    Det kan verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 12 månader dersom det trengs for å oppnå undervisningserfaring og / eller annan kvalifiseringskompetanse.

    Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne verte forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maksimalt fire år totalt).

    Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved Universitetet i Bergen.

    Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

    Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet innanfor tilsetjingsperioden.

    Vi kan tilby

    eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

    løn etter lønssteg 57 (kode 1352 / lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 900,-

    brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

    medlemsskap i Statens pensjonskasse

    stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

    Søknaden skal innehalde

    ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

    namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

    karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

    relevante attestar

    liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

    eventuelle publikasjonar

    Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

    Generell informasjon

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Didier Pilod, Matematisk institutt, e-post Didier.Pilod uib.no

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

    og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

    Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Nærare om tilsettingsprosessen her.

    Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform