Økonomikonsulent (seniorkonsulent)
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
6 dager siden

Har du lyst på ei spanande og utfordrande økonomistilling ved Universitetet i Bergen?

Er du motivert for nye oppgåver på eit ambisiøst fakultet?

Det humanistiske fakultet søkjer ein motivert og dyktig person til ei fast, 100% stilling som seniorkonsulent frå 01.10.2018.

Stillinga er knytt til seksjon for økonomi ved fakultetet.

Økonomiseksjonen ei gruppe på 10 medarbeidarar som har ansvar for kontroll og rekneskap for alle einingane ved fakultetet.

Seksjonen har òg ansvar for økonomistyring, budsjettering og rapportering av basisverksemd og prosjektverksemd. Den økonomiske rapporteringa er på ulike nivå, til universitets-

fakultets- og instituttleiing, men òg til vitskaplege tilsette og prosjektleiarar.

Arbeidsoppgåver

Som økonomikonsulent vil du få varierte arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og få nærleik til instituttnivået. Du vil få mykje kontakt med tilsette på fakultet og institutt, og arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med administrativt og vitskapleg tilsette.

Stillinga krev god forståing for primæraktivitetane ved eit institutt (undervisning, forsking og formidling) og organisering av instituttverksemda. Døme på oppgåver er :

Økonomisk-administrative driftsoppgåver knytt til variabel løn, honorar, reiser, bestillingar og fakturaer.

Budsjettering, rapportering og leiarstøtte

Budsjettering, rekneskap og oppfølging av eksternfinansierte prosjekt

Oppfølging av økonomiske midlar til tilsette

Oppfølging anleggsmidlar og leiestad

Det er òg aktuelt at personen som vert tilsett får eit særskilt ansvar for å utvikle spesiell kompetanse innan etter- og vidareutdanning på tvers av einingane ved fakultetet.

Oppgåver innan dette feltet vil dekkje analyser av lønsemd for nye og eksisterande tilbod, rådgjeving til institutt, praktisk oppfølging av rekneskap og rutinar, særskilt på grunnløyvinga.

Den som vert tilsett kan også få andre oppgåver innan økonomifeltet.

I byrjinga vil du få særskilt ansvar for eit institutt, men du vil også arbeide for andre einingar. Økonomifeltet er i stor endring for tida, og organiseringa i seksjonen og på universitetet kan bli endra i dei neste åra.

Kvalifikasjonar

Minimum 3-årig høgare økonomisk utdanning, helst med vekt på økonomistyring og rekneskap

Det er ein føremon med relevant arbeidserfaring, gjerne frå universitetssektoren

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk

God administrativ IT-kompetanse, særskilt kompetanse i Excel

Personlege eigenskapar

God økonomiforståing og gode analytiske evner

Evne til å sjå både detaljar og heilskap

Effektiv, nøyaktig, strukturert og målretta

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige arbeidsområde

Initiativrik i forhold til arbeidsmåtar, system og rutinar

Trivst med høgt tempo og mange ballar i lufta

Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

Vi tilbyr

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Erfarne kollegaer som deler kunnskap

Fleksitid og gode velferdsordningar

God tilgang på kurs og kompetansebygging

Løn etter lønssteg 55-60 mellom 480 600 kr - 524 200 kr etter kvalifikasjonar. For særlig kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast.

Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Nærare informasjon om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Annhild Fetveit, tlf. 55 58 93 86 eller e-post : annhild.

fetveit uib.no eller fakadm hf.uib.no

Merk søknaden 18 / 6905

Søk
Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
Fortsette
Applikasjonsform