Stipendiat i fysisk fostring
Universitetet i Stavanger
Stavanger
7 dager siden

Søknadsfrist løpande

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som doktorgradsstipendiat i utdanningsvitskap, fagområde fysisk fostring, ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for barnehagelærarutdanning.

Stillinga vil vere knytt til barnehageforskingssenteret Filiorum.

Dette er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gje lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.

Stipendiaten blir tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med forskarutdanning og 25% pliktarbeid.

Dette vert avklart i rekrutteringsprosessen. Stillinga er ledig frå 01.09.2018.

Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale ulikskapar. Det skal leggjast til rette for at alle barn kan oppleve mentalt og sosialt velvære, samt fysisk og psykisk helse.

Barnehagen skal sørge for dagleg fysisk aktivitet og fremje barns bevegelsesglede og motoriske utvikling (Utdanningsdirektoratet, 2017).

Det er behov for forskingsprosjekt som bidreg til kunnskapsutvikling generelt om barns bevegelseserfaringar i barnehagen og spesielt korleis aktivitetsnivået er i ulike aldersgrupper og på ulike arenaer.

Vidare er det behov for å utforske barnehagens muligheiter og utfordringar når det gjeld helsefremjing gjennom tilrettelegging for bevegelsesleik, variert fysisk utfalding og meistringsopplevingar.

Forskinga skal bidra med ny kunnskap innafor fagområdet fysisk fostring i barnehagelærarutdanninga og styrke ei pedagogisk tilnærming til fagområdet i barnehagen.

Søknaden skal innehalde ei foreløpig prosjektskisse prosjektskissemal for eit doktorgradsprosjekt der ein gjer greie for problemstilling, relevans, teoretisk og metodisk tilnærming.

Den foreløpige prosjektskissa vil bli brukt med tanke på vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten. Prosjektskissa vil bli vidareutvikla i samarbeid med rettleiarane og utforma til den endelege prosjektbeskrivelsen.

Søkaren må ha ein sterk fagleg bakgrunn med femårig mastergrad innanfor utdanningsvitskap i idrett og kroppsøving eller helsevitskap, helst av nyare dato, eller tilsvarande utdanning som gir grunnlag for å gjennomføre ei forskarutdanning innanfor fagområdet.

Relevant erfaring frå barnehagefeltet vil tilleggas vekt i vurderinga av søknadene. Karakter på masteroppgåva og veid gjennomsnittskarakter på masterstudiet må begge kvar for seg tilsvara B eller betre for å kome i betraktning.

Ved vurdering vert det lagt vekt på søkarens potensiale for forsking innanfor fagfeltet, samt vedkommande sine personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga.

Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap, vere nytenkjande og kreativ. Stipendiaten må ha gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg.

Stillinga vert sett på som ei viktig rekrutteringsstilling til vitskapeleg stilling ved universitet / høgskule.

Studiet skal gjennomføras i hovudsak ved Universitetet i Stavanger, bortsett frå eit avtalt opphald i utlandet ved eit anerkjent relevant forskingsmiljø.

Stipendiaten vert lønna etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr 436.600 bto pr år.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjonsrettar.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Jorunn Melberg, tlf 51 83 34 99, epost jorunn.

melberg uis.no eller til universitetslektor Ingunn Berrefjord Ugelstad, tlf 51 83 34 17, epost ingunn.ugelstad uis.no . Opplysingar om tilsettingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-

rådgivar Kristine Nordbø Røgenes, tlf 51 83 36 15, epost kristine.n.rogenes uis.no .

Du må registrera søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet.

Vitnemål, attestar, publikasjonsliste og ev annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn til ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer.

Dokumentasjonen må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søk
Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
Fortsette
Applikasjonsform