Førsteamanuensis/universitetslektor (vikariat) i sosialpsykologi
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
20 dager siden

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis / universitetslektor i sosialpsykologi i perioden 1.

august 2018 - 31. juli 2019.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for

universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av

lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt : barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids-

og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Instituttet har til saman 35 faste vitskapelege stillingar og har undervisningsansvar på årsstudiet i psykologi, profesjonsstudiet i psykologi, bachelorprogramma i arbeids-

og organisasjonspsykologi og i generell psykologi og på masterprogrammet i psykologi (med dei tre studieretningane arbeids-

og organisasjonspsykologi, psykologisk vitskap og åtferd og nevrovitskap), samt på PhD-programma ved Det psykologiske fakultet.

Instituttet har òg fleire emnetilbod innan etter- og vidareutdanning. Instituttet driv forsking i psykologiske basalfag og innan anvende område som skule-

og opplæringspsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og samfunnspsykologi.

Arbeidsoppgåver :

Stillinga er knytt til profesjonsstudiet i psykologi og andre studieprogram og emne der sosialpsykologi inngår. Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere :

  • Delta i undervisinga i PROPSY309 Sosialpsykologi (førelesingar, tilbakemelding refleksjonsnotat, og gruppeøvingar)
  • Delta i undervisninga i MAPSYK303 Anvendt sosial- og kognitiv psykologi (førelesningar, rettleiing av studentar).
  • Sensur på PROPSY309 Sosialpsykologi
  • Rettleie emneoppgåver på PROPSY309 Sosialpsykologi
  • Eventuelt rettleie hovudoppgåve på psykologprogrammet og / eller masteroppgåver i psykologi
  • Ta del i tilrettelegging, rettleiing og undervising av emne på lågare grad der sosialpsykologi inngår : PSYK111, PSYK112
  • Ta del i instituttdiskusjonar om emne der sosialpsykologi inngår
  • Utover dette kan stillinga innebere sensur og undervisning på andre studieprogram ved instituttet. Den som vert tilsett vil elles ha administrative oppgåver og delta i møte og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet.

    Dersom den tilsette får posisjon som førsteamanuensis, vil vedkomande ta del forskinga ved instituttet i vikarperioden. Dersom den tilsette får posisjon som universitetslektor vil ein større del av stillinga vere knytt til undervisning, og med noko rom for utviklingarbeid.

    Kvalifikasjonar og eigenskapar :

  • Den som vert tilsett må på søknadstidspunktet ha disputert i psykologi eller tilsvarande (gjeld førsteamanuensis). Dersom det ikkje er søkjarar med slik bakgrunn, kan det vere aktuelt med stilling som universitetslektor (under føresetnad av avlagt cand.
  • psychol. eller mastergrad i psykologi eller tilsvarande eller ved søknadstidspunktet).

  • Han eller ho må ha kompetanse innan sosialpsykologi.
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Det er ein føremon med pedagogisk basisutdanning.
  • Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise, sensurere og ta del i alle instituttaktiviteter på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart.
  • Vi kan tilby :

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • For førsteamanuensisstilling : løn etter lønssteg 60 - 68 (kode 1011 / lønsramme 24, alternativ 4 - 8) etter hovudtariffavtalane til staten avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Dette utgjer ei årsløn på kr 512 300 - 600 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

  • For universitetslektorstilling : løn etter lønssteg 50 - 58 (kode 1009 / lønsramme 25, alternativ 4 - 8) etter hovudtariffavtalane til staten avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Dette utgjer ei årsløn på kr 432 300 - 499 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Søknad en skal innehalde :

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga(maksimalt 10 vedlegg)
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

    Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

    Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

    Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf siste kulepunkt).

    Rangerte søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

    Søknadsfrist : 14.07.2018

    Søknaden skal merkast : 18 / 6143

    Generell informasjon :

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til :

    Tlf. 55 58 23 26

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

    og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Nærare om tilsettingsprosessen her.

    Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform