Fast helgestilling for sjukepleiar/sjukepleiarstudent
Helse Bergen HF
Bergen
3 dager siden

Hud og revmatologisk sengepost har ledig ein fast helgestilling for sjukepleiar eller sjukepleiarstudent.

Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdomar i Hordaland.

Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar.

Det er både elektiv verksemd og øyeblikkelig hjelp. Sengeposten disponerer 15 sengeplassar i vekedagene, og 10 i helgar.

Vi held til i Hudbygget på Haukelandsområdet.

For tida består arbeidstida ved sengeposten av todelt turnus, med arbeid i snitt kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging og praktiske oppgåver knytt til dagleg drift
  • Kvalifikasjonar

  • Sykepleierstudent med fullført sykehuspraksis er minimumskrav
  • Erfaring frå helsearbeid med pasientkontakt innan somatikk er ein fordel
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • God IKT-kompetanse
  • Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, engasjement og ansvarsfølelse
  • Strukturert og målretta
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ta aktivt medansvar for eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Høg arbeidsmoral
  • Har respekt for kvar enkelt pasient
  • Vi tilbyr

  • Relevant erfaring frå arbeid på sjukehus
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema