Psykologspesialist
Helse Bergen HF
Bergen
23 timer siden

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar.

Ambulante Tenester er ein av seksjonane i PBU, lokalisert i det nye Barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland universitetssjukehus.

Ambulante Tenester har tre team; ambulant team / intensivt ambulant team, DBT-team og psykoseteam.

Psykoseteamet har ledig stilling for psykologspesialist frå 01.10. 2020. Teamet har ansvar forbehandling av ungdom med psykoselidingar i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Vier tverrfagleg organisert med psykologspesialistar, musikkterapeut,fagkonsulentar og barnepsykiater. Totalt 5,7 stillingar fordelt på 8fagpersonar.

Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til pasientar og familie / nettverk rundt pasienten.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Behandling av psykoseliding.
  • Utgreiing, diagnostisering og undervising.
  • Vi søkjer deg med ønskje om å arbeide med langvarige behandlingsforløp i samarbeid med ungdom, familie og nettverk.
  • Arbeidet krev god evne til samarbeid med andre faggrupper. Både internt i team,mellom seksjonar i klinikken og på tvers av etatar.
  • Du bør trivast i bil og vere komfortabelmed å drive behandling der det er best for pasienten.
  • Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykologspesialist
  • Kunnskap om, og erfaring med pasientgruppa kan vere ein fordel, men vilje og evne til fagleg oppdateringpå beste praksis kan vere like viktig
  • Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er nysjerrig, varm og fagleg trygg i møte med ungdom med høgt lidelsestrykk og alvorlege plager
  • Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande avtalar
  • Relevant kurs og vidareutdanning
  • Triveleg arbeidsmiljø og fagleg engasjement
  • Fadderordning og rettleiing
  • Rapporter denne jobben
    checkmark

    Thank you for reporting this job!

    Your feedback will help us improve the quality of our services.

    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsette", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Utfylningsskjema