Professor/førsteamanuensis i rom-design/rom-arkitektur
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
11 dager siden

Ved Institutt for design, er det ledig ei fast stilling som professor / førsteamanuensis (100 %) i rom-design / rom-arkitektur.

Tilsetjing er ønska snarast mogelig.

Institutt for design er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-

musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB.

UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet -

Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver / forskingsområde

Vi søkjer ein professor til undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid i eit tverrfagleg miljø. Stillinga er relativt open med omsyn til eigen designfaglig profil.

Den som vert tilsett må kunne dokumentere bredde i sin design- / arkitekturfaglege bakgrunn, samt vere motivert og kvalifisert for å arbeide i tverrkunstnarlege kontekstar og prosjekt.

Det er også viktig å vere drivkraft i arbeid med studieplanar på både bachelor-, master -og ph.d.-nivå.

Innan romdesign arbeider studentane eksperimentelt, både fristilt og med utgangspunkt i konkrete, realistiske prosjekt i private og offentlege miljø.

Det vert lagt vekt på konseptutvikling der funksjon, estetisk utforming og tekniske løysingar dannar heilheit. Vi fokuserer på mennesket sine sansar og romlege opplevingar.

Oppgåver og utfordringar skal definerast, utviklast, analyserast og løysast både teoretisk og praktisk. Det vert undervist i romdesign, arkitektur, objekt, belysning, materialar, farge, og andre verkemiddel som er nødvendig for å løyse oppgåver innan romdesign.

Om Institutt for design :

Institutt for design er kjenneteikna av eit vidt spekter av uttrykksformer, opne samtalar og kritiske diskusjonar. Tilhøvet mellom teori og praksis, utviklinga av eit relevant omgrepsapparat og balansen mellom produksjon og refleksjon, står sentralt i designutdanninga vår.

Vi tilbyr studium innanfor områda visuell kommunikasjon og møbel- og romdesign / interiørarkitektur. Ein breitt samansett fagstab, med tilsette som sjølve er utøvande designerar nasjonalt og internasjonalt, er ein føresetnad for eit levande undervisningsmiljø ved instituttet.

Fagstaben sitt kunstnarlege utviklingsarbeid og forsking står sentralt og dannar grunnlaget for undervisninga. Våre fagmiljø er forankra i eit tydeleg samfunnsengasjement.

Instituttet har eit breitt utval av verkstader som blir nytta både i undervisning og kunstnarlege utviklingsarbeid. Tilsette tilknytt desse spesialiserte fasilitetane sørger for ei stadig utvikling og oppgradering av materialkunnskap innanfor konteksten av ein samansett designfagleg diskusjon.

Institutt for design prioriterer utvikling og gjennomføring av større forskingsprosjekt, også med ekstern finansiering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • For stilling som professor : Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå.
  • For stilling som førsteamanuensis : Gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særlig fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning og rettleiing.
  • Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju og prøveforelesing av ei intern intervjugruppe.

    Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

    Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.

    I tillegg vil det bli lagt vekt på

  • Perspektiv på fagfeltets potensial i forhold til kunstnarleg utviklingsarbeid
  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Perspektiv på høgare kunstutdanning
  • Organisatoriske evner og erfaring Vi kan tilby
  • Stilling som professor (kode 1013) med løn kr. 673.800 - 882.900 (lønssteg 74 - 84) eller stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med løn kr.
  • 558.500 - 623.900 (lønssteg 64 - 72) i det statlege lønsregulativet (lønsramme 24 : 8). For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar.
  • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift.

    Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Korleis arbeidstida fordelast, går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som utarbeidast i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar.

    Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

    Søknaden skal innehalde

  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • Attestar
  • Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden.

    Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter. Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida SØK STILLINGEN .

    Last opp alle vedlegg som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du laster dei opp.

    Andre opplysingar

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

    og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.

    Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Fakultetet kan tilby ei interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Instituttleiar Mona Larsen på tlf. + 47 - 55 58 73 00 e-

    post : Mona.larsen uib.no Nærare om tilsettingsprosessen her.

    Søk
    Søk
    Min e-postadresse
    Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
    Fortsette
    Applikasjonsform