Forskingsteknikar (kode 1512) ved Sarssenteret
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
9 dager siden

Ved Sarssenteret er det ledig ei fast fulltidsstilling som Forskingsteknikar i dyrefasiliteten delt mellom Rentzsch og Steinmetz forskingsgruppar.

Ønskjeleg oppstart for stillinga er September 2018. Dyr i anlegget vil vere sjøanemonen Nematostella vectensis, hydrozoan manet Clytia hemisphaerica og ferskvannspolypen Hydra vulgaris.

Arbeidsoppgåver :

Hovudoppgåvene til stillinga vil vere å operere og vedlikehalde eit semi-automatisert Nematostella dyreanlegg i samarbeid med ein eksisterande forskingsteknikar, samt oppstart og vedlikehald av polypp og manet kulturar av Clytia hemisphaerica. Oppgåver inkluderer :

Undersøking av vannkvalitetsparametere

Vedlikehald av reinse- og pumpesystem

Fòring, reingjering og oppdrett av dyra

Organisere avlsprogram, oppdrett av mutante og transgene liner og organisere ein database med genetisk modifiserte liner

Noko helgearbeid må påreknast

Kvalifikasjonar og eigenskapar :

Pålitelige arbeidsvanar, reinsemd, og evne til å samarbeide produktivt med teknisk og vitenskapleg personale er viktige krav til stillinga

Erfaring med handtering av små akvatiske dyr og larvar er ønskjeleg

Tidlegare erfaring med å jobbe med genetiske modellorganismar er fordelaktig

Søkarar må minimum ha vidaregåande utdanning

Søkaren må kunne kommunisera (skriftleg og munnleg) på engelsk

Vi kan tilby :

Ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø

Løn som forskingsteknikar (kode 1512) frå lønssteg 38 i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar .

Dette utgjer for tida kr 371.500.

Medlemskap i Statens pensjonskasse

Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk eller norsk :

Søknaden skal innehalde

Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillingen på www.jobbnorge.no. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vert ikkje vurderte.

Søknadsfrist : 5. August 2018

Generell informasjon :

Utfyllande opplysningar om stilling kan ein få ved å kontakta gruppeleiarar Patrick Steinmetz, tel +47 55 58 43 51, e-post : patrick.

steinmetz uib.no eller Fabian Rentzsch, tel +47 55 58 43 04, e-post : fabian.rentzsch uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk
Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
Fortsette
Applikasjonsform