To stillingar som seniorrådgjevar ved Senter for undersøkande journalistikk, Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
24 dager siden

Senter for Undersøkande Journalistikk (SUJ) er et nytt initiativ ved Universitetet i Bergen og er ledet av Institutt for informasjons-

og medievitskap. Undersøkande journalistikk tilhøyrar kjernen av nyheitsmedia sitt samfunnsoppdrag og legitimering, nemlig å avdekke og avsløre maktmisbruk i samfunnets institusjonar, politisk korrupsjon, økonomisk kriminalitet, overgrep, eller andre tema av stor samfunnsmessig betyding.

Senter for undersøkande journalistikk vil styrke denne journalistikken. Senteret ligg i Media City Bergen og skal leiast i samsvar med reglane i Vær Varsom-

plakaten og Redaktørplakaten.

Senterets viktigaste oppgåver vil være :

Produksjon av grundig, undersøkande journalistikk ved stipendopphald og hospitering i senteret.

Bygge kompetanse i undersøkande journalistisk metode og formidling gjennom kurs og seminar.

Utvikle eit nasjonalt og internasjonalt nettverk for samarbeid mellom journalister og mediehus, og utveksling av kompetanse.

Auke kunnskapsgrunnlaget om undersøkande journalistikk gjennom samarbeid med forskarar og studentar.

Søkjarar må opplyse om dei søkjer ei eller begge stillingane.

Daglig leder (seniorrådgjevar)

Vi søkjer nå daglig leder i fast 50 %-100 % stilling ved Senter for Undersøkande Journalistikk. Stillinga kan kombinerast med annen relevant stilling innan journalistikk, undervisning eller forsking og stillingsprosent vil bli avklart i samråd med den som blir tilsett.

Daglig leder er ansvarlig redaktør for senteret og øverste ansvarlig for utvelging av saker som skal utviklas ved senteret.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for daglig drift av senteret og ansvarlig redaktør

Overordna ansvar for kurs- og kompetanseporteføljen

Overordna ansvar for oppfølging, rettleiing og gjennomføring av prosjekta

Redaksjonell leiing av student- og frilansproduksjonar

Kontakt med redaktørar og redaksjonssjefar i samarbeidande organ og følge opp internasjonale kontaktar og nettverk.

Daglig leder vil få eit variert og utfordrande arbeid med å starte opp senteret og bør ha bred erfaring frå undersøkande journalistikk.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkjarar må ha mastergrad innan journalistikk eller tilsvarande fagfelt.

Bred relevant praksis innan undersøkande journalistikk

Relevant erfaring med eksternt finansiert verksemd vil bli vektlagt. Det er ønskjeleg

med god kjennskap til eksterne finansieringskjelder og virkemiddelapparat.

Senteret søkjer ein person som gjennom resultat og referansar kan dokumentere å ha arbeidd sjølvstendig, strukturert, resultatorientert, målretta og initiativrikt

Gode kommunikasjons- og leiareigenskapar

God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav.

Journalist / prosjektleder (seniorrådgjevar)

Vi søkjer prosjektleder i fast 50 %-100 % stilling ved Senter for Undersøkande Journalistikk. Stillinga kan kombinerast med annen relevant stilling innan journalistikk, undervisning eller forsking og stillingsprosent vil bli avklart i samråd med den som blir tilsett.

Arbeidsoppgåver

Saman med daglig leder rettleie dei hospiterande journalistane i deira arbeid

Hovudansvar for å utvikle kursporteføljen

Bidra til utviklinga av nettverksarbeidet til senteret.

Journalisten bør ha erfaring frå undersøkande journalistikk og være oppdatert på utviklinga i feltet.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkjarar må ha mastergrad innan journalistikk eller tilsvarande.

Bred relevant praksis og stort engasjement innan undersøkande journalistikk

Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar

Sjølvstendig, strukturert og målretta

Vi kan tilby (gjelder begge stillingane)

Eit godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver ved eit fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.

Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.

Løn etter kroner 558 500 600 200 etter tariffavtalene i staten. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til instituttleder Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16 / e-

post leif.larsen uib.no, eller HR konsulent Bodil Hægland, e-post : bodil.hagland uib.no for praktiske opplysningar kring søknadsprosessen.

Utfyllande informasjon om SUJ

SUJs målsetting er å styrke den undersøkande og kritiske journalistikken i Norge. Dette skal gjerast gjennom kompetansebygging og produksjon av saker av stor samfunnsmessig betyding og ved å vidareutvikle en samarbeids-

og delingskultur blant norske journalister og medieorganisasjonar. Senterets viktigaste oppgåve er produksjon av grundig og avslørande journalistikk som skal publiserast i norske og internasjonale media.

Senteret skal bidra til økt metodisk og etisk kompetanse, samt bidra til å vidareutvikle kompetanse i historiefortelling og formidling for journalister og studentar, og slik bidra til å styrke stillinga til undersøkande journalistikk i media og i samfunnet.

Gjennom samlokalisering av sterke regionale og nasjonale nyheitsredaksjonar, verdsleiande medieteknologiselskap og sterke forskings-

og utdanningsmiljø innan journalistikk og informasjonsteknologi, tilbyr Media City Bergen en unik kontekst for å bygge et kraftsentrum for undersøkande journalistikk i en tid der journalistikkens samfunnskontrakt er under press.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillinga på denne sida. Søknaden skal innehalde : Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.

Søknadsfrist : 1. august 2018

Søknaden skal merkast : 18 / 7557

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som ligge føre i

Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk
Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsett", gir jeg neuvoo samtykke til å behandle dataene mine og sende meg e-postvarsler, som beskrevet i neuvoos Privacy Policy . Jeg kan når som helst trekke tilbake samtykket eller avmelde meg.
Fortsette
Applikasjonsform