Universitetslektor i russisk - vikariat i 25 % stilling
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
5 dager siden

Ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen er det ledig eit vikariat i 25 % stilling som universitetslektor i russisk frå 1.

august og fram til 31. desember 2018.

Institutt for framandspråk (IF) har i overkant av femti fast vitskapleg tilsette, tolv administrativt tilsette, fire postdoktorar og om lag tjue ph.

d.-stipendiatar. Ved instituttet blir det forska og undervist i faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium.

Sjå www.uib.no / fremmedsprak. Russiskfaget har fire faste stillingar.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett, skal undervise i russisk språk og kultur. Undervisninga vil vere på bachelornivå, og i all hovudsak på emna RUS100 og RUS114.

Oppgåvene femner om undervisning, rettleiing, retting, eksamensarbeid mm. Fagleg-administrative oppgåver er òg ein del av stillinga.

Den som vert tilsett, tek del i undervisninga i samsvar med den studieordninga som gjeld, og i samarbeid med dei andre tilsette på faget.

Kvalifikasjonskrav

Instituttet søkjer etter ein person med følgjande kvalifikasjonar :

Norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse innanfor russiskfaget

Pedagogiske kvalifikasjonar og relevant undervisningserfaring

God kompetanse, munnleg og skriftleg, i norsk eller eit anna skandinavisk språk. Undervisningsspråka er norsk og russisk, medan administrasjonsspråket er norsk.

Tilsetjing i stillinga krev at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Løn

Løn etter lønssteg 47-59 (kode 1009 / LR 25) i statens lønsregulativ eller tenesteansiennitet. For tida utgjer dette kr.

416.200 508.400 før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % i pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til undervisningskoordinator Synnøve O. Rosales på telefon 55 58 21 27 eller e-

post synnove.rosales uib.no, eller til administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på telefon 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.

Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida SØK PÅ JOBBEN .

Dette må følgje søknaden : søknadsbrev

søknadsbrev

vitnemål frå universitet / høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar)

eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

publikasjonsliste

namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

For søkjarar med utanlandsk mastergrad må masteroppgåva lastast opp i fulltekst.

Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju.

Merk søknaden : 18 / 5628

Søk
Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsett", godtar jeg neuvoos personvern og vilkår og godtar å motta relevante e-postvarsler. (avbryt når som helst) Se her
Fortsette
Applikasjonsform