Stipendiat i statistikk
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen, Bergen, Norge
29 dager siden

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i statistikk frå august 2018. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit 4. år.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Dette er ei utdanningsstilling som skal gi lovande kandidatar ei forskarutdanning på høgt nivå og føre fram til doktorgrad innan eit av forskingsområda i statistikk som er representerte ved instituttet.

Desse områda er aktuarfag / finans, risikoanalyse, tidsrekkjer / økonometri, ikkje-parametrisk statistikk, romleg statistikk, biostatistikk / medisinsk statistikk og utrekningsstatistikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i statistikk eller matematikk, men masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 30.

juni 2018 . Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som omfattar pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden.

Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

løn etter lønssteg 50 (kode 1017 / LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,-

brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

medlemskap i Statens pensjonskasse

stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Søknaden skal innehalde

ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad

dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.

Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og / eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30. juni 2018.

relevante attestar

eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Professor Hans J. Skaug, Matematisk institutt, e-post : Hans.

Skaug uib.no, tlf. 55584861.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders-

og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk
Søk
Min e-postadresse
Ved å klikke på "Fortsett", godtar jeg neuvoos personvern og vilkår og godtar å motta relevante e-postvarsler. (avbryt når som helst) Se her
Fortsette
Applikasjonsform